Målet om 10 millionar til MR ved Lærdal sjukehus er nådd

Etter ei fantastisk mobilisering i heile Sogn, er det no samla inn 10 millionar til MR ved Lærdal sjukehus. Gåvene fordeler seg slik:

Kommunar: 6.450.000,-

Lag og organisasjonar: 1.350.000,-

Bankar: 400.000,-

Verksemder: 1.023.000,-

Privatpersonar: 831.000,-

SUM 10.054.000,-

Ei MR-maskin framstiller bilete av det indre i kroppen. I Helse Førde har Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus i dag MR-maskiner.

MR prosjektet ved Lærdal sjukehus vart starta av Omstillingsstyret i Lærdal, med Lærdal Næringsutvikling AS (LNU) som ansvarleg for den praktiske gjennomføringa av aksjonen. Lærdal kommune representerer gjevarane og tek hand om dei innsamla midlane fram til MR maskina skal kjøpast inn.

MR’en skal gjevast som gåve til Helse Førde, og helseforetaket tek ansvaret for naudsynte bygningsmessige investeringar, teknisk vedlikehald av maskina og drift av MR tilbodet ved Lærdal sjukehus. Det er eit mål at tilbodet kan koma i gang mot slutten av 2017.

LNU sin prosjektleiar for MR, Rolf Jerving:

«Ei MR maskin ved Lærdal sjukehus vil gje monaleg betre helsetenester og kortare reisetider for alle busette i regionen. Den responsen me har fått rundt innsamlinga er heilt overveldande. Prosjektet syner at alt er mogeleg, også her i Sogn, når me bestemmer oss for å dra i same retning. I tillegg har prosjektet hatt eit godt samarbeid med direktør Jon Bolstad i Helse Førde frå fyrste dag.

Eg vil retta ei stor takk til alle som har gjeve pengar til aksjonen. De har vore med på ein stor dugnad til beste for oss alle»

Direktør Jon Bolstad, Helse Førde HF:

«Ei MR-maskin vil gje eit endå betre tilbod ved Lærdal sjukehus. Heile Indre Sogn vil dra nytte av dette. Vi betrar no kapasiteten på MR-undersøkingar i Helse Førde, og det kan gjere at pasientar i heile fylket får kortare ventetid. Innsamlingsaksjonen har vist kor stor oppslutnaden er om lokalsjukehuset. Engasjementet frå kommunar, lokalt næringsliv og privatpersonar har vore imponerande».