No skal dei presentere ideane sine

Onsdag skal folka bak tettstadsutviklingsprosjektet i Lærdal fortelje kva dei vil gjere med Lærdalsøyri. Det skjer i Lærdal kulturhus. Men først skal alle ut på ei vandring på Øyri.

-Me har samla innspel frå ulike aktørar og gjennom spanande samarbeid med skulen, «Gla’ i Lærdal» og kartkafeen i mai, og no vil me presentere ideane og forslaga våre for Lærdalsøyri som tettstad. Me skal fortelje litt om prosessane me har hatt så langt, og om folka me har møtt hittil. Noko er konkret, noko er forslag. Og me vil ha innspel, fortel sivilarkitekt Maria Molden i Arkitektgruppen Cubus.

(teksten held fram under bildet)

 Delar av niande klasse og arkitekt Tina Sinclair frå Arkitektgruppen Cubus på Løytnantsbryggja. Foto: Odd Helge Brugrand

Delar av niande klasse og arkitekt Tina Sinclair frå Arkitektgruppen Cubus på Løytnantsbryggja.
Foto: Odd Helge Brugrand

Omstilling
Arkitektgruppa er engasjert av omstillingsprogrammet i Lærdal til arbeidet med tettstadutviklingsprosjektet. Mange var med på kartkafeen i Lærdal kulturhus i mai. Den var på mange måtar starten på prosjektet. No er tida komen for å presentera meir av arbeidet.
Det skjer onsdag kveld kl. 18.30. Også denne gongen har Cubus samarbeidd med lokale ungdomar. Dei skal bidra til å utvide synet vårt på Lærdalsøyri. Difor startar presentasjonen med ei vandring på Øyri.

Vandring
-Slik får alle sett på dei same tinga og slik motverkar me at me blir stadblinde. Ungdommen skal føre oss til kjende og ukjende og kanskje litt gløymde stadar, fortel Molden.
Alt byrjar ved at du møter opp presis klokka 18.30 ved kulturhuset.
-Det er viktig å få med seg vandringa, fordi historia me og ungdomen vil fortelje skal setje ting i perspektiv. Så ta med varm jakke og gode sko, oppfordrar Molden.

Presentasjon
Etter vandringa går alle tilbake til kulturhuset der Cubus skal fortelje kva som kan være ein god plan for Lærdalsøyri. 
-Me skal fortelje kva forslag me har til strategi og overorda grep som folk kan ta tak i og vidareutvikle. Denne gongen er det ikkje berre eit tettstadsutviklingsprosjekt som føresler fysiske forhold, det er også ein involveringsprosess, der alle er viktige aktører for ein god stadutvikling, seier Molden.

Ungdomar
Etter presentasjonen skal gruppa arbeide vidare med tettstadsprosjektet. 
-Når me er ferdig, er det ikkje berre kartet og forslaga som ligg der, men også nye tankar, moglegheiter og prosessar som er satt i gong. Me har intervjua ei rekkje næringsaktørar og jobba med femte, sjuande og niande klasse. Me ser eit glødande engasjement og veldig gode idear for tettstaden. 
-På vegne av prosjektgruppa kan eg seie at me gler oss stort over å få være del av denne tettstaden og me ser fram til å få oppleva alt det som vil koma til å skje i Lærdal i framtida, seier Maria Molden. 

Stad: Lærdal kulturhus
Dag: Onsdag 28. oktober
Tid: 18.30

 Delar av niande klasse og arkitekt Tina Sinclair frå Arkitektgruppen Cubus i Gåta. Foto: Odd Helge Brugrand

Delar av niande klasse og arkitekt Tina Sinclair frå Arkitektgruppen Cubus i Gåta.
Foto: Odd Helge Brugrand