Ny Tataki-kafé 17. november

Som oppfølging etter den første Tataki-kafeen i slutten av september, har LNU sett i verk fleire tiltak knytt til arbeidet med utviklingskultur og utviklingskompetanse. Eitt tiltak er å halda fram med å arrangera Tataki-kafear, som ein møteplass med aktuelle tema.

Me inviterer no til ny Tataki-kafé i kultuhuset den 17. november kl. 18.00.

Hovudtemaet denne kvelden blir utviklingskapasitet - og korleis me kan bidra til å styrka Lærdal sin utviklingskapasitet.

Til å leia oss gjennom tema og drøftingar har me invitert Steinar Fredheim frå Distriktsenteret i Sogndal. Han vil også løfta blikket ut av Lærdal gjennom å sjå på den regionale utviklingskapasiteten sin rolle for Lærdal.

Me ynskjer velkomen til ein ny, spennande Tataki-kafé i Kulturhuset.

Enkel servering.

Lenke til påmelding