løysinga er Nytt Plassrom i og ved Rådhuset

Eit nytt plassrom og samlingsstad i og rundt Rådhuset skal knyte gamle og nye Øyri, fjorden og folk saman i framtidas Lærdalsøyri.

 Alle foto: Odd Helge Brugrand

Alle foto: Odd Helge Brugrand

Onsdag kveld presenterte Arkitektegruppen Cubus forslaga for korleis dei ser føre seg ei utvikling på Lærdalsøyri. Gjennom mange innspel og involveringsprosessar har dei kome fram til mange ulike forslag.

Blant anna føresler dei eit nytt plassrom i og rundt rådhuset, der utsjånaden og funksjonen til rådhusparken  kan bli radikalt endra. I dag fungerarar parken som ei sperre med sine plenar, tre og busker. Plassrommet blir opna mot gamle-Øyri, og mot fjorden med ein sti og ei bruløysing over bassenget framføre Løytnantsbryggja. Sjølve bassenget blir opna mot vasspollane på indre Grandane. Stiar fører vidare ned mot campingplassen.

Gamle-Øyri blir i tillegg til nye funksjonar i rådhusparken knytt saman med nye-Øyri med fleire gangvegar. Tettstadutviklingsprosjektet føresler også å bygge heile første etasje i rådhuset med glasvegger.

På Indregrandane, ved Lerum fabrikker, føresler arkitektane og planleggarene nye bustadområde, bygd i tre og i stil som samsvarar med gamle Lærdalsøyri. Arkitektane foresler også å bygge nye etasjar over dagens Prix.

Planleggarane bak tettstadsutviklingsprosjektet føresler også å sjå heile elveløpet på begge sider som ein heilheiteleg elvepark, frå elvemunninga og fjroden til sjukehusbrua, mellom anna med stisystem.

-Gjere-kartet og kvar går du-kartet som folk teikna under kartmøtet i mai viste at brukstyngdepunktet på Lærdalsøyri ligg meir mot nord enn me kanskje trudde, og at gamle Lærdalsøyri har ei mindre rolle. Me treng eit sentrum som framstår som ein meir samla stad med eit tydeleg samlingspunkt og fleire aktive fasadar, sa sivilarkitekt Maria Molden - mellom anna.

Tettstadutviklingsprosjektet på Lærdalsøyri har jobba tett med born og ungdomar i femte, sjuande og niande klasse. Før presentasjonen i kulturhuset vart dei 40 frammøtte tekne med på ei vandring på Lærdalsøyri. På fire punkt møtte dei ungdomane som på særs kreativt vis framførde sine ynskjer for bygda si. Ved pollen i sentrum kom det vyer for badeplassen,  som vart forsterka av ungdom som hadde teke rollen som ordførar og kommunestyre i kommunestyresalen. Vedtaket dei gjorde med alle til stades var å satse på badeplass og stupetårn på Grandane, og at ein måtte høyra på ungdomen. På gamle Løytnantsbryggja fekk tilhøyrarane servert eigeproduserte produkt frå Lærdal, og i Gåta vart dei tekne med på ei forteljing om Anna og Sjur i Gåta.

Sjå bildekarusell under (eller trykk på bileta og bla).