Ole Ramshus Sælthun tilsett som arrangementskoordinator

Ole Ramshus Sælthun (32) frå Lærdal er tilsett i stillinga som arrangementskoordinator i Lærdal. Ole jobbar i dag som journalist i Porten.no.

Ut året 2018 blir stillinga som arrangementskoordinator lagt til Lærdal Næringsutvikling. Halve stillinga vil i denne perioden vera knytt til å byggja opp og utvikla innhaldet i arrangementsfunksjonen. Resterande 50% vil vera knytt til ulike andre oppgåver med omstillingsarbeidet i Lærdal. Innan utgangen av 2018 skal det finnast ei permanent organisering av funksjonen. Frå då av er planen at det meste av stillinga skal vera knytt til arrangement og arrangementsarbeid. 

Målet med funksjonen som arrangementskoordinator er å styrka det allereie rike og flotte marknads- og arrangementsarbeidet i Lærdal, og bidra til å utvikla nye aktivitetar og arrangement. Ei sentral oppgåve for arrangementskoordinatoren vil også vera å styrka samhandlinga mellom arrangørar, næringsliv og Lærdal kommune. 

Arrangementsarbeid handlar om både økonomisk, kulturell og sosial verdiskaping. Det betyr mykje for omdømme, identitet og bulyst. Arrangementa er også svært viktige for å få endå fleire besøkande til Lærdal. Det at Lærdal no har fått på plass ein arrangementskoordinator gjer oss rusta til å få enno fleire positive effektar av arrangementsarbeidet. 

Ole Ramshus Sælthun tek til i stillinga i løpet av september.