Presentasjon av arbeidet med tettstadutviklingsprosjektet

I regi av omstillingsprogrammet i Lærdal vert det gjennomført eit tettstadutviklingsprosjekt for Lærdalsøyri. Målet er å finna fram til gode plangrep, satsingar og prosjekt for utvikling av tettstaden.

Arkitektgruppen CUBUS er engasjert av omstillingsprogrammet til arbeidet med tettstadutviklingsprosjektet. Mange var med på kartkafeen i Lærdal kulturhus i mai. Den var på mange måtar starten på prosjektet. Det har vore jobba mykje med prosjektet etter det, og no er tida komen for å presentera meir av arbeidet.

Onsdag 28. oktober kl. 18.30 vil omstillingsprogrammet og CUBUS presentera status i arbeidet med tettstadutviklingsprosjektet, invitera til dialog og få innspel til det vidare arbeidet.

Opplegget startar i Lærdal kulturhus, men i løpet av kvelden vil me og ta deg med på ei vandring i sentrum.