Søkbare omstillingsmidlar og fleire eigarar til utviklingprosjekt

Lærdal kommune har status som omstillingskommune og får med dette årlege omstillingsmidlar frå staten til å driva eit ekstra utviklingsarbeid. Desse midlane kjem i tillegg til dei midlane Lærdal kommune har i sitt nærings- og konsesjonsavgiftsfond. Omstillingsprogrammet varer ut 2018. 

Nokre av omstillingsmidlane er øyremerka prioriterte prosjekt som Lærdal kommune saman med næringslivet ynskjer å satsa på. Eit av desse prosjekta er utvikling av Håbakken Næringspark. Av andre viktige prosjekt det vert jobba med er Levande lokale-prosjektet knytt til Gamle Lærdalsøyri og kompetanseutviklingstiltak for næringslivet.

I tillegg til dei omstillingsmidlane som er øyremerka prioriterte prosjekt, er det også sett av søkbare midlar. Dette er midlar som både bedrifter, lag og organisasjonar og private kan søkja om dersom dei har eit godt utviklingsprosjekt, ein idé som dei ynskjer å utvikla.

Alle idear som kan bidra til fleire arbeidsplassar, eller til å gjera Lærdal til ein enno betre stad å bu og besøkja, er i utgangspunktet gode idear. LNU og Lærdal kommune oppmodar aktørane i Lærdal til å nytta seg av den moglegheita som ligg i omstillingsprogrammet, både når det gjeld midlar til utviklingsprosjekt og tilgang til kompetanse gjennom LNU og det nettverket vi har tilgang til.

Grunnlaget for vekst og utvikling i Lærdal vert lagt gjennom den utviklingskrafta som ligg i næringslivet og lokalsamfunnet elles, og gjennom eit godt samarbeid med og god tilrettelegging frå LNU og Lærdal kommune.

LNU ynskjer fleire næringsaktørar, lag og organisasjonar eller privatpersonr som eigarar til utviklingsprosjekt. Dette er ein viktig faktor i utviklingsarbeidet. 

Ta kontakt med LNU for meir informasjon eller dersom du rett og slett vil drøfta ein god idé.