Søknad om kunstnaropphald i Berlin

Hei, kunstnarar i Sogn og Fjordane!

Me ynskjer deg velkomen til å søkja om kunstnaropphald i Berlin allereie denne sumaren. Saman med Hardanger kunstlag er Lærdal no ein del av eit spleiselag som vil leggja til rette for at lokale kunstnarar/designarar kan søkja arbeidsopphald i Berlin.

Det er viktig at Lærdal som kommune og utviklingsaktør legg til rette for arenaer og rammer som kan vera inspirerande og berikande for våre profesjonelle kunstnarar og kulturaktørar. Me vil at fleire unge menneske skal etablera seg i distriktet. Med erfaringa som medeigar i Berlin-bustaden, og gjennom ditt opphald i Berlin, vonar me også å kunna utvikla ei attraktiv Artist in residence- ordning i Lærdal på sikt. Me ynskjer å invitera profesjonelle kunstnarar frå heile verda til vakre Lærdal, og slik skapa unike opplevingar på tvers av landegrenser, kulturar og kunnskapsfelt.

Me trur Berlin blir eit godt utgangspunkt for nettverksbygging og kompetansetilfang som kjem deg som kunstnar til gode. I tillegg har me stor tru på at du som kunstnar har kunnskap som me i Lærdal kan få innblikk i og læra noko av.  Lærdal sine kriterier for opphaldet er at du som kunstnar/designar deler din kunnskap med lokalsamfunnet/skule/næringsliv i Lærdal. Dette kan vera gjennom utstilling, workshops, prosessar, foredrag o.l. Dette skal skje etter opphaldet ditt i Berlin, utan at dette på nokon måte er retningsgjevande for det arbeidet du vel å dukka ned i under opphaldet i Berlin. Me vurderer søknadane på bakgrunn av arbeid du har gjort før, men set sjølvsagt pris på tankar du har om formidlingsprosjekt i Lærdal i etterkant av opphaldet.

Søknadsfrist for opphald i juli - august - september 2017: 10. april

For søknadsskjema klikk her

Send søknaden til:

Lærdal Næringsutvikling AS
Postboks 28
6886 Lærdal

Søknad kan også sendast på e-post til:

post@laerdalnu.no


HUGS TIL SØKNADSSKRIVINGA:

Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og designarar frå Sogn og Fjordane.

Søknadsfrist er sett til 10. april. med handsaming før utgangen av april.

Som retningsgjevande regel er det høve til å søkja 3 månadar pr. kunstnar.

Minstetid for opphaldet er to veker. Det kan og søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphald er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande.

Besøk må vera avgrensa i tid og omfang, sidan dette er eit studie/arbeidsopphald.

Er du ein del av ei kunstnargruppe, eller har du samarbeidspartnarar? Det er plass til 3personar pr. periode, slik at det kan vera aktuelt å tildela opphald til inntil tre personar.

Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre.

Den som får tildelt opphald i bustaden i Berlin må i etterkant av opphaldet presentera noko innanfor sitt kunstnariske virke som kjem Lærdal og regionen til gode.

FØLGJANDE VERT LAGT VEKT PÅ I HANDSAMING AV SØKNADANE:

  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnariske arbeid fram til tidspunktet for søknad, og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.

  • Plan for opphaldet

  • Vis eventuelt til kontaktar med institusjonar, nettverk etc.

Søknadane vert vurderte av Lærdal Næringsutvikling og tildeling vert gjort av den nemnda som til ei kvar tid har fullmakta. Vurderinga skal skje i dialog med relevante kunstfaglege miljø.

Ordninga skal årleg rapporterast til spleiselaget.

Me ser fram til å høyra frå deg!