Spennande jobb som arrangementskoordinator

Lærdal har lange og stolte tradisjonar når det gjeld marknader og arrangement. Lærdalsmarknaden er truleg den mest kjente og profilerte, men kommunen har i tillegg eit stort og variert tilbod av andre arrangement og aktivitetar gjennom heile året. Grunnlaget for dette vert lagt gjennom eit omfattande arbeid frå mange eldsjeler, lag og organisasjonar og frivillige.

For å styrka og utvikla arrangementsarbeidet i Lærdal ytterlegare, og skapa enno betre samhandling mellom arrangørar, næringsliv, kommune og innbyggjarar, opprettar me no ei spennande stilling som

Arrangementskoordinator

Ut året 2018 skal funksjonen vera ei prosjektstilling i Lærdal Næringsutvikling. 50% av stillinga vil i denne perioden vera knytt til å byggja opp og utvikla innhaldet i funksjonen. Resterande 50% av stillinga vil vera knytt til ulike oppgåver med omstillingsarbeidet i Lærdal.

Innan utgangen av 2018 skal det finnast ei permanent organisering av funksjonen. Frå då av vil det meste av stillinga vera knytt til arbeid med arrangement og arrangementsutvikling.

Arbeidet som arrangementskoordinator vil handla mykje om å byggja relasjonar og få til god samhandling mellom arrangørar, næringsliv, lag og organisasjonar, kommune og innbyggjarar. Me ser etter nokon som har erfaring og interesse for arrangementsarbeid. Du har evne til å jobba sjølvstendig, er utadvendt, initiativrik og engasjert. Gode samarbeidsevner, og god munnleg og skriftleg framstillingsevne vil også vera viktige eigenskapar.   

Den som vert tilsett vil få stor grad av fridom til å påverka innhaldet i stillinga.  

I prosjektperioden skal du også delta i arbeid med ulike prosjekt i omstillingsarbeidet i Lærdal. Det er difor ynskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid og frå det å driva fram prosessar.

Som tilsett i LNU får du ta del i ei spennande utvikling av Lærdal, i eit innovativt og uformelt arbeidsmiljø. Løn og vilkår etter nærmare avtale.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Arve Tokvam, arve@laerdalnu.no eller 907 85 950.

Søknad med CV sendast til Lærdal Næringsutvikling AS, Postboks 28, 6886 Lærdal eller på
e-post til post@laerdalnu.no  innan torsdag 15. juni.