Tataki-kafé

Dei overordna måla med omstillingsarbeidet i Lærdal er fleire innbyggjarar og fleire arbeidsplassar. So enkelt, men samstundes so vanskeleg. Dette krev innsats på mange område og målretta arbeid over tid, men mest av alt krev det god samhandling mellom næringsapparatet, kommunen, næringslivet og innbyggjarane.

Gjennom omstillingsarbeidet vert det drive eit målretta utviklingsarbeid, og dette må me nytta til å etablera ein utviklingskultur i Lærdal som kan leva vidare etter at omstillingsperioden er over. Å etablera ein utviklingskultur handlar både om korleis dei ulike bedriftene, LNU og kommunen driv sitt eige utviklingsarbeid, og om korleis me skal samarbeida og gjera kvarandre betre.

LNU ynskjer å bruka omgrepet «Tataki» som eit samlande namn på utviklingsarbeidet i Lærdal. Arbeidet med å etablera ein god og varig utviklingskultur må starta med auka bevisstgjering og meir kompetanse om temaet. Som ein start på dette ynskjer me å invitera leiarar i næringslivet i Lærdal til ein «Tataki – kafé» i kunstfoajeen i Kulturhuset tysdag 27. september kl. 18.00.     

 

Tema:

  • Kvifor er utviklingsarbeid so viktig?

  • Kva legg me i omgrepet utviklingskultur?

  • Kva er status for utviklingsarbeidet vårt i dag - kor «trykkjer skoen?»

  • Korleis vil me driva utviklingsarbeid i Lærdal?

  • Kva behov ser næringslivet?

  • Kva kan LNU leggja til rette for?

  • Korleis LNU skal jobba vidare med temaet?

Tataki-kafeen vert ein kombinasjon av innlegg og drøfting. Nyvalt styreleiar i LNU Yngve Hallén, og Harald Husabø frå BDO vert med oss denne kvelden.

Meir informasjon og påmeldingsinformasjon fin du på denne lenka.