Tataki-kafé om tettstadutvikling og levande lokale

Komande veke er Lærdal vertskap for det nasjonale prosjektet Levende lokaler.
Levende lokaler er ei satsing hjå Norsk Design og arkitektur (DOGA), og skal ha fokus på å motverka sentrumsdaud i norske byar og tettstader.
Effekten av Levende lokaler skal vera ny tenkning og praksis i privat og offentlege sektor, og i den daglege lokalpolitikken landet rundt.

Lærdal, Tromsø og Arendal er dei stadane i Norge som no er under lupa og slik sett vil blir referanse for framtidig tenkning rundt sentrumsutvikling i norske byar og tettstader. Nye metodar og verktøy skal testast ut, og kunnskap og erfaring skal delast med kommunar i heile landet i etterkant av prosjektperioden.

I samband med seminaret ønskjer vi næringsliv og lokalsamfunn i Lærdal hjarteleg velkomen til foredrag og samtale rundt tettstadutvikling generelt, og Lærdal spesielt. Prosjektteam frå Tromsø, Arendal, Design og arkitektur Norge kjem til Lærdal og delar sine erfaringar. I tillegg får du høyra om ”nyhausta” erfaringar og spanande nykommarar som dukkar opp i Gamle Lærdalsøyri denne hausten.

Stad
Lærdal kulturhus onsdag 6. september kl. 18.30

Program
• Velkomen og innleiing v/ Arve Tokvam
• Erfaringar frå Tromsø v/ prosjektleiar Anniken Romuld
• Erfaringar frå Arendal v/ prosjektleiar Lisbeth Iversen
• Kva har kunst & design med stadutvikling å gjera? v/prosjektleiar Lærdal Tone Boska og designar Siv Støldal
• Gode døme frå Gamle Lærdalsøyri
   o Smak av Sogn; nysatsing på tradisjonsrik landhandel
   o Ny konseptbutikk; Fredag Gamle Lærdalsøyri

Påmelding