Tilskot til breibandsutbygging i Erdal

Lærdal kommune har fått tilskot frå Nkom (Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit) til utbygging av breiband i Erdal.

Sogn og Fjordane fekk totalt 30,25 millionar i breibandsstøtte ved tildelinga no i 2016. Lærdal kommune sin søknad om tilskot til utbygging av breiband i Erdal var del av ein større søknad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det vil etter kvart bli gjennomført ein anbodskonkurranse på utbygginga i Erdal. Når leverandør er valgt, vil sjølve utbygginga ta til, truleg våren 2017.