Tilskot til breibandsutbygging på Borgund

Breibandsutbygging er ei av satsingane i omstillingsprogrammet. Gjennom dette arbeidet har Lærdal kommune tidlegare fått tilskot til breibandsutbygging på strekninga Eri/Hunderi – Seltun. Denne utbygginga er i full gang.

I dag fekk Lærdal kommune melding om at ein no også har fått tilskot frå Nkom til utbygging av breiband på strekninga Sjurhaugen – Maristova. Det er enno mykje arbeid før dette prosjektet kan starta opp, m.a. skal det gjennomførast ein anbodskonkurranse. Med tilskotet frå Nkom er det lagt eit godt grunnlag for det vidare arbeidet.