Verdas første Tataki-kafé

Tysdag 27. september arrangerte Lærdal Næringsutvikling verdas første Tataki-kafé i Lærdal kulturhus. Målet med kafeen var tredelt:

  • Drøfta utviklingsarbeidet og utviklingskulturen i Lærdal
  • Få eit bilete av status i dag og korleis me skal driva utviklingsarbeidet vidare
  • Få innspel til kva behov næringslivet ser for å driva utviklingsarbeid og kva LNU kan leggja til rette for og arbeida vidare med.

Mellom 30 og 40 engasjerte næringsaktørar i Lærdal var med på Tataki-kafeen. Etter innlegg frå Arve Tokvam (dagleg leiar i LNU), Yngve Hallén (styreleiar i LNU) og Jan Petter Vadheim (prosjektleiar i LNU) var det drøftingar av tema nemnt ovanfor.

Innspela og drøftingane denne kvelden avdekka interesse for ulike tiltak og oppfølging - m.a. for fleire møteplassar for næringsdrivande, kompetansetiltak og meir informasjon frå LNU.

Det er allereie lagt planar for oppfølging av denne første Tataki-kafeen:

Møteplassar
LNU kjem til å arrangera fleire Tataki-kafear. Ordninga med frukostmøte vil bli vidareført, men no under namnet Tataki-frukost.

Neste Tataki-kafé vert i november. Den blir ei direkte oppfølging og vidareføring av temaet frå den første kafeen.

Det er planar for ein Tataki-frukost i byrjinga av desember.

Informasjon
Frå og med november vil det bli sendt ut månadlege nyhendebrev frå LNU. Desse vil innehalda status for satsingane i omstillingsarbeidet og elles anna relevant informasjon.

Kompetansetiltak
I løpet av oktober vil me avtala og gjennomføra intervju med leiarar i eit representativt utval verksemder for å kartleggja kompetansebehov i styre og leiing. Resultatet får denne kartlegginga vil gje oss eit grunnlag for å utarbeida tiltak. Målet er at me skal kunna tilby næringslivet i Lærdal relevante og nyttige kompetansetiltak i 2017.

Under er diverse bilete frå verdas første Tataki-kafé