Bygg og Anlegg

Ny lakkeringshall for buss ved Nettbuss Lærdal. (Foto: Odd Helge Brugrand)

Ny lakkeringshall for buss ved Nettbuss Lærdal.
(Foto: Odd Helge Brugrand)

Tradisjonsrike bransjar i stadig utvikling

Lærdal har lange tradisjonar innan bygg og anlegg. Kommunen er vertskap for mange bygg- og anleggsverksemder som representerar ei betydeleg mengd arbeidsplassar. 

Næringane dreg nytte av Lærdal si sentrale plassering og gode kommunikasjonar vestover og austover, og verksemdene betjener heile sogneregionen. 

Lærdal har mellom anna stor anleggsverksemd knytt til utbygginga av E 16 og Riksveg 5, samt vedlikehald av vassmagasin/dammar etter lærdalsutbygginga.