Tur til Vangane. (Foto: Magnhild Aspevik)

Tur til Vangane.
(Foto: Magnhild Aspevik)

Omstillingsarbeid

Lærdal kommune fekk i 2012 omstillingsstatus i samarbeid med Årdal kommune. Bakgrunnen var avviklinga av Opplysningen 1881 og endringar ved Lærdal sjukehus. Samstundes gjekk dørfabrikken Dooria i Årdal konkurs.

Lærdal har utvikla ein strategisk plan for omstillingsarbeidet. Målet er å opprette nye og varige arbeidsplassar og styrke det eksisterande næringslivet. Dette er eit spanande arbeid som gjev store moglegheiter for deg som sit på urealiserte idear eller som ønskjer å vere med på å forme utviklinga.

Som omstillingskommune får Lærdal midlar til utviklingsarbeid. Som følge av dette har Lærdal kommune og næringslivet i Lærdal laga Utviklingsplan for omstilling i Lærdal 2013 – 2017. I omstillingsperioden har LNU det operative ansvaret for å følge opp og gjennomføre måla i utviklingsplanen.

Lærdal kommune sin visjon for omstillingsarbeidet er:
Samhandling for berekraftig utvikling. 

 

Utviklingsplan for omstilling i Lærdal 2013 – 2017 har fire programområde:

A  Vekst i Lærdal
Me skal skape fleire lønsame arbeidsplassar gjennom nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande næringsliv.

B  Leve og bu i Lærdal
Lærdal skal vere den føretrekte bustadkommunen i Sogn. Me skal gjere Lærdal endå meir attraktivt som lokalsamfunn, slik at tilflyttinga aukar.

C  Opplev Lærdal
Lærdal skal tilby berekraftig opplevingsturisme heile året. Målet er å skape heilårsaktivitet og auke tal gjestedøger og betalande gjester til attraksjonane våre.

D  Knutepunkt Lærdal
Lærdal skal utvikle ny næring på område der me har naturlege fortrinn som knutepunkt. Dette er samferdsle/logistikk, helse, landbruk, reiseliv, bygg og anlegg.

Utviklingsplanen er det overordna styringsverktøyet for omstillingsarbeidet. Måla og strategiane i planen blir følgd opp i årlege handlingsplanar. Omstillingsmidlane blir nytta til å gjennomføre prosjekta i handlingsplanane. I tillegg er ein del midlar øyremerkt gode prosjekt som dukkar opp undervegs.

Lærdal Næringsutvikling har det operative ansvaret for å følgje opp og gjennomføre måla i utviklingsplanen. Ta kontakt med oss for meir informasjon om kva moglegheiter som ligg i omstillingsprogrammet.