Handel og service

Kort & Godt kafé og Sportsbui. (Foto: Odd Helge Brugrand)

Kort & Godt kafé og Sportsbui.
(Foto: Odd Helge Brugrand)

Øyri er den lokale byen

Lærdalsøyri er det lokale handlesentrum i Lærdal kommune. Her er butikkar innan dagligvare, klede, hobby, sport, optikar, helse/alternativ helse, bygg, jernvare, IT, kafear og anna. Lærdalsøyri har sterke historiske røter som marknadsplass frå 1500-talet. Allereie på 1600-talet hadde Lærdalsøyri bystruktur og vaks fram som den første og største tettstaden i Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane).

Oppetter dalen er det vegkroer på Tønjum og Borgund, og nærbutikkar på Ljøsne og på Borgund. Desse sørvar lokalbefokninga og dei reisande på E16.

I Lærdalstunnelen Næringspark (Håbakken) ved verdas lengste vegtunnel fins det ulike serviceverksemder som verkstader, bilutleige, matproduksjon, skiltdesign, transport og logistikk, røyrleggar, matservering, drivstoff osv.