Helsekommunen i Sogn

Tilsette ved Lærdal sjukehus. (Foto: Odd Helge Brugrand)

Tilsette ved Lærdal sjukehus.
(Foto: Odd Helge Brugrand)

Først ute og langt framme på helse

Sogn og Fjordane sitt første sjukehus opna i Lærdal i 1906. Dagens sjukehus stod ferdig i 1930 og er blitt utbygd og modernisert fleire gonger. Sjukehuset er eit lokalsjukehus for sju kommunar i Indre og Midtre Sogn. Den ortopediske avdelinga ved sjukehuset har spesialisert seg på hofter, kne og skuldrar og er kjend over heile landet for sin kompetanse. Pasientane vel Lærdal på grunn av kvalitet og sjukehuset får svært gode tilbakemeldingar.

Sogn Lokalmedisinske Senter er under skiping og skal lokaliserast til Lærdal sjukehus.

Tannlegesenteret Lærdal Tannhelse sørvar kundar frå store delar av sogneregionen.

Apoteket i Lærdal var det første landsapoteket i Noreg (1843) og er framleis i drift.