Eit innovativt landbruk

Pløying på Voll. (Foto: Per Øvrevoll)

Pløying på Voll.
(Foto: Per Øvrevoll)

Naturen sitt eige drivhus

Lærdal har eit godt klima og lange tradisjonar innan landbruk. Lite nedbør, tidleg vår og godt jordsmonn gjer lærdalsdalføret svært godt eigna til dyrking av moreller, bær, grønnsaker og poteter.

Dei fleste frukt- og grøntprodusentane er tilslutta Lærdal Grønt. Næringa er svært aktiv og har synt stor evne til utvikling og nyskaping dei siste åra.

Dette har gjort Lærdal til den største morelleprodusenten i landet. Lærdal produserar like mange moreller som resten av Noreg til saman.

Lærdal er også størst på poteter i Sogn og Fjordane og Hordaland. I sesongen dekker lærdalslandbruket Norgesgruppen sitt marknadsbehov i bergensområdet både på tidlegpoteter og gulrot.

Også bringebærproduksjon er i sterk vekst. Lærdal er først i landet med prøveproduksjon av aprikos. Og saueprodusentane våre er blant dei beste i Noreg.

Lærdal er leiande på morelleproduksjon i Noreg og i sterk vekst innan bringebærproduksjon. (Foto: Per Øvrevoll)

Lærdal er leiande på morelleproduksjon i Noreg og i sterk vekst innan bringebærproduksjon.

(Foto: Per Øvrevoll)