Utsikt over delar av Lærdal med Sognefjorden i bakgrunnen.  (Foto: Harald Hunderi)

Utsikt over delar av Lærdal med Sognefjorden i bakgrunnen. 
(Foto: Harald Hunderi)

Merkevara Lærdal

Lærdal ligg midt mellom Oslo og Bergen og har til alle tider vore eit nasjonalt knutepunkt. Heilt sidan menneska byrja å vandre i dette landet, har ei hovudferdsle mellom aust og vest gått gjennom Lærdal. 

Kanskje er dette grunnen til at Lærdal i dag er eit dynamisk samfunn som er meir kjend nasjonalt og internasjonalt enn kva 2200 innbyggarar skulle tilseie.

Den geografiske plasseringa, fisket i Lærdalselvi, naturen, landbruket og den rike kulturhistoria plasserar Lærdal trygt i vårt nasjonale medvit.

Det beste frå Austlandet og Vestlandet i eitt

I Lærdal får du spektakulær vestlandsnatur rett inn i stova, samstundes som klimaet minner om det stabile austlandsveret. Lærdal er blant dei tørraste og varmaste stadane i Noreg. Sommaren er lang, vinteren mild og våren kjem tidleg. Visste du at Lærdal er det mest nedbørsfattige området i Europa mellom Gudbrandsdalen og nordkysten av Middelhavet? Til dømes har Lærdal mindre årsnedbør enn Mallorca.

Rallar på den "Bergenske Hovedvej" frå 1845, ein av mange historiske vegar i knutepunktet Lærdal. (Foto: Kåre Hovland)

Rallar på den "Bergenske Hovedvej" frå 1845, ein av mange historiske vegar i knutepunktet Lærdal.
(Foto: Kåre Hovland)

Svært rik kulturarv

Rolla som transportkorridor og livsnerve mellom aust og vest gjer at Lærdal har eit særs rikt kulturhistorisk andlet å visa fram.

Det syner att i rike arkeologiske funn frå alle tidsepokar. Det syner att i Sverrestigen frå 1100-talet, Allfarvegen frå Middelalderen, Postvegen frå 1600-talet, Kongevegen frå 1700-talet og Bergenske Hovedvej frå 1800-talet.

Det syner att i kulturlandskapa, i Bjørkum-kaupangen frå 850, Borgund stavkyrkje frå 1182 og dei mange, gamle gardstuna gjennom dalen. Og det vises på strandsitjarstaden gamle Lærdalsøyri, som med sine 170 verna bygningar frå 17- og 1800-talet er noko av det ypparste me har av gamle tettstadmiljø.

På mange måtar er Lærdal dalen der norgeshistoria vert fortald.

Den sentrale geografiske plasseringa gjorde at Lærdal var først ute med det meste på landsbygda i Norge. Nokre døme er køyrevegar, dampbåtruter, apotek, post, telegraf. Lærdalsøyri vaks fram som den første store tettstaden i Sogn og Fjordane og ein av dei viktigaste på Vestlandet. Øyri vart ei viktig hamn og ein viktig handelsplass, mellom anna gjennom Lærdalsmarknaden, som første gong er nemd i 1596. Lærdalsøyri hadde bystruktur alt på slutten av 1600-talet og i 1842 ville Regjeringa gje Lærdalsøyri bystatus.

Den gamle byen står enno, kjend som gamle Lærdalsøyri. Her blir Lærdalsmarknaden framleis arrangert den tredje helga i juni kvart år, noko som truleg gjer den til Norges eldste friluftsmarknad.

Sogn Kunstsenter - Gjesmesamlinga (over) og Amfiet i Borlaug Bygdetun. (Foto: Odd Helge Brugrand (over) og Kåre Hovland)

Sogn Kunstsenter - Gjesmesamlinga (over) og Amfiet i Borlaug Bygdetun.
(Foto: Odd Helge Brugrand (over) og Kåre Hovland)

Variert kulturliv

I Lærdal er det lett å engasjere seg. Organisasjonslivet er mangfaldig og kulturlivet rikt. Men Lærdal er òg ein plass der du kan nyte fred og ro. 

Lærdal har ein populær kulturskule som har fostra fleire talent innan song, dans og instrument. Kulturskulen disponerar eige lydstudio.

Besøk Norsk Villakssenter, Postmuseet, Telemuseet eller "infosenteret" til Gamle Lærdalsøyri i gamle Telegrafen. Nyt kunst av nasjonal og internasjonal klasse i Sogn Kunstsenter, som samarbeider med Astrup Fearnley museet for moderne kunst.

Lærdal er gode på arrangement. Det byrjar allereie i januar med den internasjonale Veterancupen i fotball, der engelske storstjerner konkurrerar med norske fotballstjerner i Lærdalshallen. VM i rakfisk går av stabelen i Borgund same månad.

Arrangementa held fram om våren, sommaren og hausten med matfestival, fotballturneringar, ulike store idrettsarrangement, turneringar etc.

Gode døme er Lærdalsmarknaden, Haustmarknaden og Julemarknaden som årleg samlar fleire tusen menneske til folkefest i gatene på Gamle Lærdalsøyri. 

 

Turn i Lærdalshallen (Foto: Porten.no)

Turn i Lærdalshallen
(Foto: Porten.no)

Sport- og idrettstilbod

Lærdal har eit sport- og idrettstilbod til dei fleste. Det er aktive idrettslag og turlag etc.

Du har tilgang til fleire merka turløyper, du kan gå frå sjøkanten til over 1000 meter over havet på ein liten ettermiddag. 

Fleire idrettsarrangement gjennom året er retta mot ulike grupper: internasjonal veterancup-turnering i fotball, fotballturneringar for aldersfastlagde klassar, ulike motbakkeløp for profesjonelle, trimmarar og barn og unge, familiearrangement og turn. 

Idrettshallen i Lærdal heiter Lærdalshallen. Me har fotballstadion på gras, grus og kunstgras. Lærdal har også skøytebane. Oppetter dalen er det fleire lokale treningsanlegg på grus/ballbinge, blant anna eit utandørs rideanlegg i Borgund.

Gymloftet treningsstudio, som ligg i Lærdalsøyri sentrum, har tilbod retta mot deg som vil bestemma treningstider og treningsinnhald sjølv.

Rikheim golfbane er ei slopa 6 holsbane. Her er drivingrange og treningsbane for putting og bunkerslag.

www.jordeplerock.no (Foto: Odd Helge Brugrand)

www.jordeplerock.no
(Foto: Odd Helge Brugrand)

Uteliv og bygdeliv

På Lærdalsøyri kan du nyta eit glas vin og kortreist mat på restauranten Kort & Godt. På Kvammes Pub og Cafe får du i tillegg føle den spesielle stemninga i trehusmiljøet på Gamle Lærdalsøyri. Ved restauranten Green Norway sit du ved fjorden.

I Borgund ligg Postaabneriet Pub & Café, ein engelsk pub som må vere Noregs mest besøkte i høve folketalet.

Om sommaren er det fleire høgdepunkt. Eit av dei er festivalen Jordeplerock (bilda) og ein annan er Kom Heimatt-arrangementet - to store og populære festarrangmentet som trekker mykje folk.

I tillegg kjem marknadsfesten. Og bygdefestane...

I Lærdalsfjella. (Foto: Odd Helge Brugrand)

I Lærdalsfjella.
(Foto: Odd Helge Brugrand)

Jakt, fiske, friluftsliv

Lærdal er eit eldorado for natur- og friluftsinteresserte.

Heile det vakre lærdalsdalføret med sidedalar og dei mektige områda i lærdalsfjella byr på svært rike moglegheiter for jakt på hjort, reinsdyr, elg og småvilt. Fiske kan du gjere i eit hundretals fjellvatn og elvar, samt i Sognefjorden.

Fjella og naturen kan nyttast til eit mangfald av aktivitetar, mellom anna isklatring, dykking, triathlon, toppturar eller andre ting du brenn for.

Lærdalselvi er kalla Dronninga blant lakseelvar og er Noreg si mest kjende storlakselv internasjonalt. I generasjonar har den vore blant dei mest populære sportsfiskardestinasjonane i verda.

Lærdalsnaturen har gjeve inspirasjon til mange berømte kunstnarar gjennom historia. Mange nasjonalikon som i dag heng på Slottet og i Nasjonalgalleriet har henta motiva sine frå Lærdal.

 
Skisport ved Bleia (Foto: Petter Andresen)

Skisport ved Bleia
(Foto: Petter Andresen)

Ski og vintersport

Lærdal er Norges pudder-nav.

Me ligg i midten og har kort veg til Hemsedal, Voss, Myrkdalen, Filefjell, Sogndalsdalen og Hafslo. Klimaet er slik, at uansett kva vèr det er når du vaknar om morgonen, er det alltid djupsnø i ein av desse destinasjonane!

Difor er Lærdal staden du bør overnatte når du skal på skiferie.

I tillegg ligg svære, urørde fjellvidder og ventar på deg i Lærdal, som for eksempel Bleia (1717 moh.), der du står på ski medan Sognefjorden brer seg ut under deg i det som må vere verdas flottaste panorama.

 

Kongevegane i Vindhella-skaret (Foto: Odd Helge Brugrand)

Kongevegane i Vindhella-skaret
(Foto: Odd Helge Brugrand)

Gamle vegar

Dalføret Lærdal har vore hovudferdsleåre i tusen år og dei historiske spora er mange. I Lærdal kan du gå i ridespora til Harald Hårfagre, Olav den Heilage og Kong Sverre, berre for å nemne nokon.

Lærdal er nasjonal veghistorie. Minst fem generasjonar køyrevegar er tilgjengelege, i tillegg til eldre ride- og kløyvjevegar. Lat deg imponere av gamal vegbyggjarkunst.

Sognefjorden

Verdas lengste opne fjord, Sognefjorden, ligg rett utanfor stovevindauga vårt. Båtliv, kajakkpadling, vannski eller sportsdukking er populære fritidssyslar for mange. Eller kanskje du berre vil bade eller fiske?

 
Klatring i fjellvegg over Lærdalsfjorden. (Foto: Lærdal Ferie- og Fritidspark)

Klatring i fjellvegg over Lærdalsfjorden.
(Foto: Lærdal Ferie- og Fritidspark)

Sykkeltur langs Lærdalsfjorden. (Foto: Lærdal Ferie- og Fritidspark)

Sykkeltur langs Lærdalsfjorden.
(Foto: Lærdal Ferie- og Fritidspark)

 

Aktiv livsstil

Alt ligg til rette for ein aktiv livsstil i Lærdal, spesielt innan sykling, klatring, breturar, vandring, toppturar, fisking og båtliv. Me har klatrefelt i fjellvegg og Lærdal er ein populær destinasjon for isklatring.