Reiselivet

(Alle foto: Odd Helge Brugrand)

(Alle foto: Odd Helge Brugrand)

Frå lakselordar til berekraftig reisemål

Rundt år 1850 vitja engelske lakselordar for første gong Lærdalselvi. Sidan då har reiselivet vore ein viktig del av næringsgrunnlaget i Lærdal og Borgund. Lærdal har mange hotell, campingplassar og overnattingsverksemder, og er rik på naturopplevingar, kulturlandskap og kulturhistorie.

Tre av mange attraksjonar er Borgund stavkyrkje, Norsk Villakssenter og Gamle Lærdalsøyri, som er eit autentisk og prisløna trehusmiljø med om lag 170 verna bygningar frå 17- og 1800-talet. Fasjonable Lærdalselvi er Noregs mest kjende storlakselv internasjonalt.

Deler av Lærdal står på UNESCO si verdsarvliste (Vestnorsk fjordlandskap).

I 2009 vart Lærdal vald som nasjonal pilot til å utvikle berekraft i reiselivet fordi Lærdal er rik på kulturminne av nasjonal og internasjonal verdi, og fordi Lærdal satsar på eigen historie for å skape opplevingar. I 2013 fekk Lærdal, som den første reisemål i verda saman med Vega, Røros og Trysil, utdelt merke som berekraftig reisemål.