Transport og Logistikk

Lærdalstunnelen. (Foto: Odd Helge Brugrand)

Lærdalstunnelen.
(Foto: Odd Helge Brugrand)

Knutepunkt med stort potensiale

Håbakken ved inngangen til verdas lengste vegtunnel Lærdalstunnelen, er eit viktig trafikalt knutepunkt for transport på veg mellom Oslo, Bergen, Førde og Ålesund.

Håbakken er viktig både som aust-vest akse og som nord-sør akse. Trafikkmengda er stor og innan tungtransport er trafikkmengda blant dei høgste i landet.

Lærdalstunnelen Næringspark er etablert ved Håbakken. Parken er perfekt plassert midt mellom hovudmarknadane Oslo og Bergen og langs hovudferdsleåra E16.

Herfrå tek det cirka 2 timar til Åsane ved Bergen og cirka 3 timar til Sandvika utanfor Oslo. Håbakken har eit stort næringspotensiale innan produksjon, transport og logistikk, handel, vegrelaterte næringar og turisme.