Verkemiddelapparatet i Lærdal

Me står til teneste

Lærdal kommune og næringslivet har i fellesskap skipa Lærdal Næringsutvikling AS (LNU) for å drive eit meir målretta utviklingsarbeid. LNU er kontaktpunkt for saker som gjeld næringsutviklingsarbeidet i Lærdal kommune. Selskapet er eigd av Lærdal kommune (65,9 %) og Lærdal Næringssamskipnad (34,1 %).

Gjennom omstillingsarbeidet og næringsfondet i Lærdal kommune har LNU gode verkemiddel og ressursar til å realisere dine idear.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene til LNU er:

- handsame søknader om tilskot frå næringsfondet
- rådgjeving og rettleiing
- informasjon og kommunikasjon
- koordinering og samhandling
- nettverksbygging

Me er til for deg som ynskjer å utvikle verksemda du har, eller går med ein ide eller draum om å starte ny verksemd eller ny aktivitet. Ingen ide er for liten og ingen er for stor. Me kan også vere ein døropnar inn mot andre aktørar innan næringsutvikling.

Me vil gjerne at du tek kontakt med oss tidleg i prosessen din, slik at me på best mogleg måte kan bidra i å utvikle ideen din. Ta kontakt.